mini|Frå midtbyen av Adria
Adria er ein by og ein kommune i provinsen Rovigo i Veneto i Italia. Kommunen har vel 20 000 ibuarar og eit areal på 113,5 km². Byen ligg mellom utløpa til elvane Po og Adige.
Den etruskiske byen Hatria ligg 3-4 meter under marknivået i dagens by Adria. Adriahavet har namn etter byen, noko som viser kor viktig byen var i antikken, då havsnamnet vart til. Adria ligg nær 20 kilometer frå Adriahavet, dit det er båtsamband gjennom kanalar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Adria» frå , den 10. oktober 2013. Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Veneto