Odd Omland () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder fylke frå 2013 til 2017.Stortinget: Odd Omland. Biografi. I stortingsperiodane 2009–2013 og 2017–2021 var han vararepresentant nr 1 for Vest-Agder.
Omland var ordførar i Kvinesdal kommune frå 2003 til 2013. I kommunevalet i 2007 vart han vald på nytt med over 67 % av stemmene i det direkte ordførarvalet, i kommunen der han har vore kommunestyre-representant sidan 1980. Ved stortingsvalet 2009 var Omland andrekandidat til Arbeidarpartiet frå Vest-Agder, og han vart dermed den første vararepresentanten frå partiet.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Kvinesdal Kategori:Ap-ordførarar i Vest-Agder Kategori:Folk frå Kvinesdal