Heidi Greni () er ein norsk politikar for Senterpartiet, stortingsrepresentant sidan 2013. Ho er frå Ålen i Sør-Trøndelag, der ho fram til 2011 arbeidde på samvirkelaget i bygda.

Greni har vore medlem av kommunestyret i Holtålen sidan 2003. Etter kommunestyrevalet i 2011 vart ho vald til ordførar i Holtålen. Ho var den aller fyrste kvinnelege ordføraren i kommunen og den fyrste ordføraren på 104 år som ikkje kom frå Arbeidarpartiet.http://www.retten.no/lokale_nyheter/article5734019.ece Arbeidets Rett Greni vart i 2011 vald inn i kommunestyret på ei fellesliste for Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.

Greni har ikkje teke plass i ordførarstolen, då ho allereie frå sommaren 2001 møtte fast på Stortinget. Etter storingsvalet 2009 var ho fyrste vararepresentant for Sør-Trøndelag Senterparti, og sidan den valde representanten, Ola Borten Moe, var statsråd i perioden 2011-13, møtte ho på Stortinget resten av tingperioden. Greni var Senterpartiet sin fyrstekandidat ved stortingsvalet 2013, og vart innvald med god margin.

Notar

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Holtålen Kategori:Sp-ordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Folk frå Holtålen