mini|Manuskript til «Salve Regina».
Maria-antifonar er ei gruppe hymner tileigna jomfru Maria knytte til den katolske gregorianske songtradisjonen. Songane er ikkje eigentlege antifonar, sjølv om dei ber dette namnet, for dei er ikkje bygde opp rundt korte tekstar frå Bibelen. I staden er dei stila til Maria og hyllar henne på ulike måtar.
Det finst ei rekkje ulike Maria-antifonar. Dei fire best kjende er «Alma Redemptoris Mater», «Ave Regina Caelorum», «Regina Caeli» og «Salve Regina». Desse er knytt til ulike tidsrom i kyrkjeåret - den første frå advent til kyndelsmesse, den andre frå kyndelsmesse til langfredag, den tredje under påsken, den siste frå treeiningssundag fram til laurdagen før fyrste sundag i advent. Songane blir gjerne sungne etter dei seine tidebønene aftansong eller kompletorium i kyrkjer eller religiøse samfunn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maria-antifoner» frå , og «Maria-antifonar» frå den 23. oktober 2013.
Kategori:Jomfru Maria Kategori:Kyrkjemusikk Kategori:Katolsk kultur