Queen Mary University of London (uformelt Queen Mary, QMUL eller QM) er eit offentleg forskingsuniversitet i London i Storbritannia og eit college under statlege University of London. Med røter attende til 1785 vart Queen Mary skipa då fire historiske college vart slått saman, og har vore ein del av University of London sidan 1915.

Hovudcampusen for Queen Mary ligg i Mile End-området i East End of London, med andre område i Holborn, Smithfield og Whitechapel. Han har kring 17 000 fulltidsstudentar og 4 000 tilsette. Kring 20 % av studentane kjem frå utlandet. Queen Mary er delt inn i tre fakultet - Faculty of Humanities and Social Sciences, Faculty of Science and Engineering og Barts and The London School of Medicine and Dentistry – som er vidare delt inn i 21 akademiske departement og institutt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Queen Mary, University of London» frå , den 24. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:University of London Kategori:Utdanningsinstitusjonar skipa i 1885 Kategori:Oppkallingar etter Mary av Teck