1906 (romartal MCMVI) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.

Hendingar mini|Skader etter jordskjelvet i San Francisco. Utlandet 30. januar: Frederik 8. blei konge av Danmark. 10. februar: Det nyskapande slagskipet HMS «Dreadnought» blei døypt i Portsmouth i England av kong Edvard VII. 10. mars: Gruveulukka i Courrières. Ein eksplosjon i ei kolgruve nord i Frankrike drap 1 060 arbeidarar. Dette er den største gruveulukka i europeisk historie. 18. april: Jordskjelvet i San Francisco. Store delar av San Francisco blei ramma av eit jordskjelv med truleg styrke 7,8 på Richters skala. Rundt 450 døydde. 31. mai: Mateu Morral forsøkte å drepa kong Alfonso XIII av Spania og dronning Victoria Eugenie på bryllaupsdagen deira med ei bombe gøymd i ein blomebukett. I staden døydde 24 tilskodarar. 7. juni: Cunard Line-skipet RMS «Lusitania» blei sjøsett i Glasgow som det største skipet i verda. 26. juni: Det fyrste first Grand Prix-løpet for bilar blei halde i Le Mans i Frankrike. 16. august: Jordskjelvet i San Valparaíso, med ein magnitude på 8,2, la Valparaíso i Chile i ruinar og forårsaka ein tsunami. Nær 4 000 omkom og kring 20 000 blei skadde. Eit jordskjelv med ein estimert magnitude på 8,35 fann stad utanfor Rat Islands i Alaska. Staden det skjedde på var så aude at det ikkje blei rapportert om nokon døde. 11. september: Mahatma Gandhi innførte omgrepet «satyagraha» om ikkjevald-rørsla i Sør-Afrika. 18. september: Ein tyfon og tsunami drap rundt 10 000 menneske i Hong Kong. Retrieved via Papers Past. 20. september: RMS «Mauretania» blei sjøsett på Tyne i England som det største skipet i verda.

Bambatha-opprøret braut ut i Zululand. Lee De Forest fann opp trioden.

Noreg mini|Kong Haakon i Trondheim i samband med kroninga. 22. juni: Kong Haakon og dronning Maud blei krona i Nidarosdomen. 4. september: Roald Amundsen segdle med «Gjøa» gjennom Nordvestpassasjen. Det britiske føretaket The Sun Gas Company bygde smelteverk på Odda. Noregs Mållag blei skipa.

Fødde

9. januar: Leif Andreas Larsen, norsk marineoffiser 14. april: Gutorm Gjessing, norsk etnograf 22. juni: Billy Wilder, austerriksk-amerikansk filmskapar 25. september: Dmitrij Sjostakovitsj, russisk komponist. 14. oktober: Hannah Arendt, tysk-amerikansk filosof 13. november: Torborg Nedreaas, norsk forfattar 1. desember: Jakob Sande,, norsk forfattar 19. desember: Leonid Brezjnev, leiar av Sovjetunionen

Døde mini|Gravferda til Henrik Ibsen, ved Trefoldighetskirken i Kristiania. Foto: Anders Beer Wilse

29. januar: Kristian IX av Danmark 21. mars: Carl von Siemens, tysk industrileiar 1. april: Johannes Steen, norsk statsminister 6. april: Alexander Kielland, norsk forfattar 5. mai: Fredrik Waldemar Hvoslef, norsk prest 23. mai: Henrik Ibsen, norsk forfattar 4. september: Walter Scott Dahl, norsk 2. oktober: Ravi Varma, indisk kunstmålar 5. november: Frits Thaulow, norsk målar

Kjelder