Arquebus krigshistorisk museum er ei museumssamling i Førresfjorden i Tysvær kommune med gjenstandar frå okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen frå 1940 til 1945. Museet er kalla opp etter kodenamnet Arquebus som motstandsmannen Sverre K. Andersen nytta medan han dreiv ein illegal radiosendar på Bjoa i Ølen kommune.

mini|venstre|Arquebus krigshistorisk museum på Haugalandet syner våpen, køyretøy, uniformer og anna frå andre verdskrigen. Ved inngangen står ein tysk haubits av typen 10.5 cm leFH 18/40.

Utstillinga legg vekt på rolla til handelsflåten under krigen, dei maritime krigshandlingane og dagleglivet i krigsårene, særleg i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Museet er ein del av Haugalandmuseet, eit regionmuseum for kunst- og kulturhistoriske samlingar i Nord-Rogaland. Museet vart stifta i 1980 medan utstilling i eigne lokale først vart opna i 1995.

I 1992 vart muséet tildelt Fritt Ords honnør for iherdig, friviljug innsats for å bevara verdifullt materiale om Noreg under okkupasjonen.

Bakgrunnsstoff Arquebus Krigshistorisk Museum ved museumsnett.no

Kategori:Museum i Rogaland Kategori:Museum knytt til Noreg under andre verdskrigen Kategori:Skipingar i 1980 Kategori:Tysvær kommune Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør