Fagerborg kyrkje er ei treskipa langkyrkje frå 1903 i sørenden av Stensparken på Fagerborg i Oslo kommune, teikna av Hagbarth Schytte-Berg, som vann ein arkitektkonkurranse. Kyrkja har tilkomst frå den såkalla Norabakken i Pilestredet. mini|venstre|100px|Eldre fotografi Kyrkja er oppført i teglstein forblenda med granitt frå Skjeberg i Østfold, og tårnet er asymmetrisk plassert, slik det var populært på den tida. Ho er prega av ein historistisk eklektisisme, det vil seie at arkitekten har blanda saman eit utval av arkitektoniske stildrag frå ulike tidsperiodar. Dei tre inngangsdørene side om side poengterer at kyrkja er treskipa. Tilsvarande ordningar med tre inngangsdører er å sjå i store katedraler frå mellomalderen på kontinentet, sjå til dømes Notre-Dame de Paris.
Det er ikkje gravplass ved kyrkja.
Fotnotar
Litteratur
Bakgrunnsstoff Fagerborg kyrkjelyd
Artemisia.no om kyrkja Natursteinkirkene i Oslo
Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Kyrkjer i Oslo Domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1903 Kategori:Langkyrkjer i Oslo bispedømme Kategori:Bydel St. Hanshaugen