Pierre Louis Dulong () var ein fransk fysikar og kjemikar, lege, og seinare lærer i fysikk og kjemi ved ulike vitskaplege institusjonar i Paris.

Frå 1830 var han direktør for École polytechnique. Han arbeidde med varmefenomen, som utvidinga til lekamar, avkjøling, varmekapasitet, damptrykket til vassdamp og anna. Han fann, saman med kollegaen sin Alexis Thérèse Petit, Dulong-Petit-lova. Dulong oppdaga det særs eksplosive nitrogenkloridet (1811), noko som kosta han eit auge og fleire fingrar.

Kjelder

Pierre Louis Dulong. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Rouen Kategori:Franske fysikarar Kategori:Franske kjemikarar Kategori:Elevar ved École Polytechnique Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society