Formfaktor er ei nemning som blir brukt i fleire tydingar i fysikken.

I elektrisitetslæra er formfaktoren for ein vekselstraum eller ein vekselspenning tilhøvet mellom effektivverdien av straumen eller spenninga og middelverdien over ein halv periode. Ved sinusforma straum er formfaktoren 1,11.

I atom- og kjernefysikk er formfaktoren ei nemning på ein funksjon som angjev korleis den elektriske ladningen (elektrisk formfaktor) og det magnetiske moment (magnetisk formfaktor) er fordelt inne i atomet eller kjernen. I ein kjernereaktor angjev formfaktoren tilhøvet mellom den maksimale og den midlarane effekttettleiken i reaktoren.

I mekanisk teknologi i samband med pakningar, opplagringselement og liknande er formfaktoren tilhøvet mellom arealet av den belasta flata og den eller dei ikkje-belasta flatene (sideflatene). Formfaktoren er avgjerande for kor mykje pakninga (t.d. av gummi) vil bule ut på sidene ved belastning og dermed for den tilsynelatande stivleiken deira.

Kjelder Formfaktor. (2011, 6. oktober). I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/formfaktor.

Kategori:Elektrodynamikk Kategori:Elektromagnetisme Kategori:Atomfysikk