Lussand er ein matrikkelgard (gardnummer 132) i Granvin herad. Lussand er ytste garden i Granvin og grensar til Kjepso i Kvam herad i vest, til Beggevik i aust, og i fjellet grensar garden til Voss.
Fram til 1964 høyrde Lussand til Kinsarvik herad. Då vart den delen av Kinsarvik herad og sokn som låg på vestsida av Hardangerfjorden (Lussand–Kvanndal) overført til Granvin. I Kinsarvik hadde Lussand gardnummer 117.
Fylkesveg 7 går over garden, og like austom innmarka og tuna ligg Lussandberget, der vegen er svingete og ekstra smal med steile berget på eine sida og lukt i fjorden på hi. Vegstrekka er rasutsett, og det skal byggjast tunell der. Dagens vegstrekke er del av Nasjonale turistveger, og det er i den samanheng bygd rasteplass/utsiktspunkt like vestom busetnaden på Lussand.
På oppsida av vegen mellom Kjepso og Lussand ligg eit skogområde på Uranes som er verna som naturreservat. Uranes naturreservat er oppretta for å verne eit større edellauvskogsområde med stor økologisk variasjon.
Namnet Fyrstelekken av namnet er ikkje sikkert tolka.
Gardsnamnet vert også brukt som etternamn. I 2013 var det 44 personar i Noreg som hadde Lussand til etternamn. Ein kjend namneberar er politikaren Magnar Lussand, som var fylkesordførar i Hordaland frå 1991 til 1999.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader i Voss Kategori:Tidlegare matrikkelgardar i Ullensvang Kategori:Bygder i Vestland