Teknologirådet er eit norsk sjølvstendig, offentleg organ for teknologivurdering. Rådet skal identifisere viktige teknologiutfordringar og fremme debatt om dei høva og konsekvensane som ny teknologi skapar – for samfunnet og for den enkelte. Teknologirådet skal gje innspel om teknologiske val til Stortinget og øvrige styresmakter.

Teknologirådet gjennomfører prosjekter på fleire temaområde: klimasporet til maten, alderdom i framtida, personvern, nettspel, stamceller og kloning, berekraftig innovasjon, nanoteknologi, biodrivstoff, IKT og genmodifisert mat. Gjennom aktiv metodeutvikling for teknologivurdering og framsyn, involverer Teknologirådet både ekspertar, avgjersletakarar, interessenter og lekfolk i arbeidet sitt. Målet er å gje flest mogeleg høvet til å ta stilling i viktige teknologispørsmål. Kontakt med media er difor ein viktig del av oppgåvene til Teknologirådet.

Teknologirådet er medlem av organisasjonen European Parliamentary Technology Assessment Network (EPTA), som samlar institusjonar som driv med teknologivurdering i tilknyting til parlamenta i 14 europeiske land.

Teknologirådet vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1999, etter initiativ frå Stortinget. Rådet har 15 medlemmar oppnemnde av regjeringa og vert leia av Siri Hatlen. Sekretariatet til rådet held til i Oslo og vert leia av direktør Tore Tennøe.

Medlemmer For perioden 15. august 2012 til 14. august 2016 har rådet følgjande medlemmar:Nytt Teknologiråd utnevnt

Siri Hatlen, frittståande konsulent (leiar) Håkon Wium Lie, teknologidirektør, Opera Software Cecilie Mauritzen, direktør, CICERO Christine Meisingset, leder, berekraftige investeringar i Storebrand Bent Sofus Tranøy, førsteamanuensis, Høgskolen i Hedmark Cathrine Holst, postdoktor, Universitetet i Oslo ARENA Senter for europaforskning Reid Hole, dekan, Universitetet i Nordland Andrew Booth, forskar, SINTEF Odd Roger Enoksen, direktør, Andøya rakettskytefelt Randi Haakenaasen, sjefsforskar, Forsvarets forskningsinstitutt Ragnar Fjelland, professor, Universitetet i Bergen Silvija Seres, administrerande direktør, TechnoRocks Shahzad Asghar Rana, national technology officer, Microsoft Ola Dale, professor, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet Edina Christin Ringdal, politisk rådgjevar, Oslo Arbeiderpartis bystyregruppe

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Teknologirådet» frå , den 12. november 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Nettside frå Teknologirådet om nanoteknologi Stortingsmelding nr 10 (2001–2002) Teknologirådet EPTA (European Parliamentary Technology Assessment

Kategori:Norske statsetatar Kategori:Vitskap og teknologi i Noreg Kategori:Skipingar i 1999