Geir Einang () er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Vestre Slidre, fødd i Øvre Årdal. Han vann to bronsemedaljar for Noreg i stafett, høvesvis i 1989 og 1991, og vart norsk meister på 10 km i 1988.

Aktiv Einang deltok for Noreg i vinter-OL 1988 i Calgary, der han som best vart nummer 11 på 10 km. Seinare OL-sesongen vart han noregsmeister på 10 km, med god margin til toaren Eirik Kvalfoss. Under VM i skiskyting 1989 i Feistritz an der Drau gjekk Einang saman med Sylfest Glimsdal, Gisle Fenne og Eirik Kvalfoss på det norske stafettlaget som tok bronse. To år seinare, under VM i skiskyting 1991 i Lahti fekk han ein ny bronsmedalje i same øvinga, då saman med Kvalfoss, Jon Åge Tyldum og Fenne. I same meisterskapen gjekk han inn til femteplass på 10 km og sjetteplass på 20 km. Han deltok utan suksess i vinter-OL 1992 i Albertville.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Geir Einang» frå , den 17. november 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Vestre Slidre