mini|Jernbanestasjonen 2,5 km inn i fjellet. Postojnagrotta (slovensk Postojnska jama; tysk adelsberger grotte; italiensk le grotte di Postumia) er ei av dei mest kjende kalksteinshòlene i Europa. Ho ligg ved byen Postojna i Slovenia.

Grottesystemet er på 24,12 km, der temperaturen inni grotta er mellom 8 til 10°C.Postojnska jama. Hrvatska enciklopedija. Miroslav Krleža, 2021. Henta den 5. desember 2022 Postojnagrotta har perfekte høve for biologisk mangfald, mellom anna finn ein olmar (Proteus anguinus) som er ein sjeldan amfibieart som lever i hòlevatnet.

Historie Dei eldste inskripsjonane i hòla er frå 1500-talet- og 1600-talet. På 1800-talet bygde russiske straffangar ei steinbru midt i grotta, «den russiske brua». Under andre verdskrigen brukte nazistane grotta som lagringsplass for våpen. I 1872 vart jernabana offisielt opna og vart nytta til å transportere turistane inn og ut av grotta.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Postojnaholene» frå , den 19. november 2013.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Grotter i Slovenia Kategori:Turistgrotter Kategori:Turistmål i Slovenia Kategori:Kalksteinsgrotter