Spjelkavik kyrkje er ei sekskanta kyrkje i betong og tegl, frå 1987. Ho står på Moa i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke, nordvest for Moa-senteret.

Kyrkja vart teikna av Alf Apelseth. Den ytre utforminga av kyrkja, som kan minne om eit stort telt, viser til israelsfolket si vandring frå Egypt til det lova landet. I tillegg til kyrkjerommet inneheld kyrkja kyrkjelydssal med kjøkken, undervisingsrom, ungdomssal, speidarrom, aktivitetsrom for klatring, kontor og ekspedisjon. Kyrkja har frittståande klokketårn.

Rundt på dei 6 veggane har biletkunstnaren Håkon Bleken laga i alt 96 glasmåleri som representerer scener frå heile Bibelen.

Referansar

Bakgrunnsstoff Spjelkavik kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Ålesund Kategori:Norske kyrkjer frå 1987 Kategori:Kyrkjer i Nordre Sunnmøre prosti Kategori:Alf Apelseth