Anne Jacqueline Hathaway () er ein USA-amerikansk skodespelar. Hathaway har vunne Oscar-prisen for beste kvinnelege birolle for rolla som Fantine i filmmusikalen Les Misérables (2012).
Karriere
Anne Hathaway fekk si første større skodespelarrolle i fjernsynsserien Get Real i 1999. I 2001 spela ho hovudroller i Disney-filmen Prinsesse på prøve, i oppfølgjaren frå 2004 og i Den forheksede Ella same året. Ho spela også inn stemma til hovudpersonen i animasjonsfilmane Katteprinsen (2002) og Sannheten om Rødhette (2005) før ho for alvor tok steget bort frå familiefilmane. Biografi om Anne Hathaway på Imdb.com
I 2005 spela ho i Havoc og Brokeback Mountain og året etter spela ho mot Meryl Streep i komedien The Devil Wears Prada. Ho har vorte brukt i ein del komediar og romantiske komediar dei siste åra, til dømes Rachel Getting Married (2008), Bride Wars (2009) Valentine's Day (2010) og Love & Other Drugs (2010). I tillegg spela ho stemma til «Jewel» i Rio (2011) og den kvite dronninga i Alice i Eventyrland (2010).
I 2012 spela ho Selina i den tredje av dei nyaste Batman-filmane, The Dark Knight Rises. Same året spela ho «Fantine» i Tom Hoopers filmatisering av musikalen Les Misérables. Det var særleg måten ho framførte songen «I Dreamed a Dream» som skapte internasjonal merksemd. Rollefiguren har her vorte tvunge til prostitusjon for å brødfø seg og dottera si. For å få fram det desperate i scena, gjekk Hathaway kraftig ned i vekt og klipte håret kort. Daily Mail, 11.01.13: Anne Hathaway drops 25lb on the Les Miserables lettuce diet... then breaks her superskinny arm Songen vert framført inni ei kiste som liknar ei likkiste. Christopher Orr frå The Atlantic skreiv at «Hathaway gjev alt ho har, ho tek til i stille sorg før ho byggjer det opp til eit forpint klimaks: ho geispar, ho græt, ho hostar. Dersom du blir lamslått av denne scena, noko mange vil bli, (...) kan dette vera filmen for deg.»The Atlantic, 25.12.12: The Extravagant Melodrama of Les Misérables. Omsett frå engelsk. Ann Hornaday i The Washington Post skreiv: «Midtpunktet i ein film som består av berre midtpunkt, høyrer til Anne Hathaway, som som den tragiske heltinna Fantine syng endå eit av dei minneverdige nummera.» Washtington Post, 28.12.12: Filmmelding av Les Misérables. Henta inn 28.11.13. Omsett frå engelsk.
For denne rolla vann Hathaway heile tretti ulike prisar, mellom anna Oscar-prisen, Golden Globe-prisen, BAFTA-prisen og Screen Actors Guild Award.
Verkliste
Filmar År Tittee Rolle Merknad 2001 Mia Thermopolis 2001 Jean Sabin 2002 Haru Yoshioka (røyst) Engelsk dubbing 2002 Nicholas Nickleby Madeline Bray 2004 Ella Enchanted Ella of Frell 2004 Mia Thermopolis 2005 Hoodwinked! Red Puckett (voice) 2005 Havoc Allison Lang 2005 Brokeback Mountain Lureen Newsome Twist 2006 Andrea Sachs 2007 Becoming Jane Jane Austen 2008 Get Smart Agent 99 2008 Get Smart's Bruce and Lloyd Out of Control Agent 99 Cameo 2008 Passengers Claire Summers 2008 Rachel Getting Married Kym Buchman 2009 Bride Wars Emma Allen 2010 Valentine's Day Liz Curran 2010 [Alice in Wonderland White Queen 2010 Love and Other Drugs Maggie Murdock 2011 Rio Jewel (røyst) 2011 One Day Emma Morley 2012 Selina Kyle 2012 Fantine 2013 Don Jon Emily Lombardo Cameo 2014 Song One Franny Også produsent 2014 Rio 2 Jewel (røyst) 2014 Don Peyote Dream Agent Cameo 2014 Interstellar Amelia Brand 2015 The Intern Jules Ostin Under filming (2015) 2016 Alice in Wonderland: Through the Looking Glass White Queen Under filming (2015)
Fjernsyn År Tittel Rolle Merknad 1999–2000 Get Real Meghan Green 22 episodar 2007 Elmo's Christmas Countdown Seg sjølv Spesialepisode 2008–2012 Saturday Night Live Seg sjølv (programleiar) 3 episodar 2009–2012 Jenny/Princess Penelope (røyster) 3 episodar 2010–2011 Family Guy Mother Maggie/Seg sjølv/Hot Blonde (røyster) 3 episodes 2011 83rd Academy Awards Seg sjølv (programleiar) TV special 2015 Behind The Wheel Seg sjølv (programleiar) Episode Two
Teater År Tittel Rolle Merknad 2009 Twelfth Night ViolaDelacorte Theater 2015 Grounded Unnamed PilotThe Public Theater
Kjelder Profil og filmografi på The Internet Movie Database Engelsk Wikipedia om Anne Hathaway - avsnittet om Les Misérables. Henta inn 28. november 2013. Delar av denne artikkelen bygger på «Anne Hathaway» frå , den 2015.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå New York City Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Oscarvinnarar