mini|Nede i Jutulhogget Ei ravine, kløft, eit gjel eller juv er ein trong dal med bratte sider som har oppstått ved at ei elv har grave seg ned i berggrunnen.

Ein canyon eller eit elvegjel vert skapt når ein V-dal elles ville ha blitt skapt. I staden for at lausmateriale rasar ned som i ein typisk V-dal så vil erosjonen berre skje i elvebotnen. Eit stort gjel vert gjerne kalla ein canyon, medan eit djupt gjel vert kalla eit juv.

Eit av dei mest spesielle gjela i Noreg er Helvete i Gausdal.

Andre kjente gjel:

Sautso i Altaelva Jutulhogget i Østerdalen Jutulhogget i Rondane Gudbrandsjuvet i Valldal

Sjå òg Geil

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gjel» frå , den 30. november 2013.

Kategori:Erosjonslandformer Kategori:Fluviale landformer Kategori:Skråningslandformer Kategori:Dalar