Peter Gustav Zwilgmeyer () var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann frå Ås i Akershus. Han var far til Dikken og Ludvig Zwilgmeyer. Kona hans var syster til statsråd Ludvig Daae.
Zwilgmeyer var son til ein språklærar innvandra frå Tyskland. Sjølv vart han student i 1830 og cand.jur. i 1834. Deretter var han fullmektig hos sorenskrivar i fem år, før han vart prokurator ved underretten i Romsdal 1841 og Tønsberg 1843. Han arbeidde som kopist 1849-51, sidan var han justissekretær ved stiftsoverretten i Trondheim fram til 1860. Tida 1860 til 1878 var han byfut i Risør.
Zwilgmeyer var Østerrisør sin representant på Stortinget 1865-66, der han var sekretær i kyrkjekomiteen. Dei neste tre stortingsperiodane var han varamann til Stortinget.
Han var busett i hovudstaden frå 1878 og døydde der i 1887.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar for Risør Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Ås