Endre Torkelsson Lekve () var ein norsk ingeniør frå Ulvik, leiande innanfor ingeniørfaget i Finland i 1860-70-åra. Thorbjørn Lekve var bror hans.

Lekve var son til ein gardbrukar på garden Nedre Lekve i Ulvik. Sjølv gjekk han på underoffisersskulen i Bergen, der han vekte merksemd med sine givnader. Åra 1856–59 studerte han ved den den tekniske høgskulen Polytechnikum i Hannover, der han gjekk ut med ein framifrå eksamen. I 1860 vart han tilsett som professor i bygningsfag på den Tekniska högskolan i Helsingfors. Lekve vann eit stort ry som lærar i ingeniørvitskap og som praktisk ingeniør.

Lekve, som var gift med ei finlandssvensk kvinne, døydde i Helsingfors då han var 49 år gammal, fleire år etter kona var død. Eit stipendfond som ber namnet hans vart oppretta av studentane hans.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Folk frå Ulvik