Andrés Segovia Torres, 1. Marqués de Salobreña (), kjend berre som Andrés Segovia, var ein spansk klassisk gitarvirtuos i verdsklasse. Andrés Segovia hadde så stor innverknad på den klassiske gitaren at nær alle klassiske gitaristar i dag er hans elevar, eller elevar av hans elevar.

Biografi

Som liten vart Andrés Segovia sendt av garde for å bu hos onkelen og tanta. Onkelen skjønte at guten hadde musikalsk talent og sende han til musikktimar for å lære å spele fiolin. Andrés treivst ikkje med dei strenge metodane til fiolinlæraren, så fiolintimane tok snart slutt. Onkelen bestemte seg no for å flytta til Granada for å skaffa nevøen betre utdanning. Her tok Andrés opp att musikktimane og studerte verk av gitaristane Francisco Tárrega og Fernando Sor.Secrets From The Masters (Edited by Don Menn) - (Published by GPI Books) (ISBN 0-87930-260-7) - p237 Segovia-sitat: «....eg hadde ikkje smak for flamenco. Venene mine tok til å leita i privathus og musikkforretningar etter noko som var skrive for gitar. Og så fann dei noko av Sor, Giuliani, Aguado, og nokre småting, gitt ut av Tarrega.» Andrés Segovia var i stor grad sjølvlært, og uttalte seinare at den tidlege musikkutdanning hans var «å vera lærar og elev i same kroppen».Secrets From The Masters (Edited by Don Menn) - (Published by GPI Books) (ISBN 0-87930-260-7)

Segovia spela offentleg som gitarist fyrste gongen i Granada i 1909, 16 år gamal. Få år seinare heldt han konsert i Madrid, der han spela Tárrega og eigne transkripsjonar av verk av Johann Sebastian Bach. Han vart stundom kritisert av Tárregas læresveinar for den idiosynkratiske teknikken sin,In Memory of Andres Segovia ; by Vasilios Avraam men heldt utrøytteleg fram som gitarist. Han spela igjen i Madrid in 1912, ved Musikkonservatoriet i Paris i 1915, i Barcelona i 1916, og turnerte rundt i Sør-Amerika i 1919. Segovia steig opp på den internasjonale scena på ei tid då ein gjenoppliva gitaren som konsertinstrument, i stor grad gjennom arbeidet til Miguel Llobet.Phillips, Robert Michael, "The influence of Miguel Llobet on the pedagogy, repertoire, and stature of the guitar in the twentieth century" (2002). I denne brytningstida sørga Segovia for å gjera gitaren meir populær igjen gjennom ein kombinasjon av sterk personlegdom og kunstnarskap og teknologiske nyvinningar som lydband, radio og flyreiser.

I 1921 møtte Segovia komponisten Alexandre Tansman i Paris. Tansman skulle seinare skriva ei rekkje gitarverk for Segovia, m.a. Cavatina, som vann ein pris på den internasjonale komposisjonstevlinga i Siena i 1952.

I Granada i 1922 vart han kjend med flamencofestivalen Concurso de Cante Jondo fremja av komponisten Manuel de Falla. Siktemålet med den klassiske Concursoen var å skjerma rein flamenco mot å bli forvrengt av moderne populærmusikk.Carol A. Hess, Manuel de Falla and modernism in Spain, 1898-1936 (University of Chicago 2001) at 175. Segovia hadde allereie utvikla seg som ein fin fortolkar av flamencogitar, men han gjekk no i klassisk retning.D. E. Pohlen, Lives and Legends of Flamenco (Madrid 1964, revised 1988) at 73. Han vart spurt om å opna Concursoen på Alhambra, og spela der Homenaje a Debussy av de Falla.Eduardo Molina Fajardo, Manuel de Falla y El "Cante Jondo" (Universidad de Granada 1962; 2d ed. 1998) at 116.

mini|venstre|Gitar av Hermann Hauser, 1937, München, Tyskland. Andrés Segovias konsertgitar frå 1937 til 1962. Gåve frå Emilita Segovia, Marquesa de Salobreña, 1986 (1986.353.1). Bevart i Metropolitan Museum of Art.

I 1923 var Segovia i Mexico for fyrste gong. Der vart komponisten Manuel Ponce så imponert over konserten hans at han skreiv konsertmelding i avisa El Universal.Manuel M. Ponce and the guitar By Corazón Otero, J. D. Roberts; Bold Strummer, 1994; ISBN 0933224850 Ponce skreiv også mange verk for Segovia seinare, særleg sonater.

I 1924 vitja Segovia den tyske strengeinstrumentmakaren Hermann Hauser sr. etter å ha høyrt nokre av instrumenta han hadde laga, bli traktert på konsert i München. I 1928 gav Hauser Segovia ein av sine personlege gitarar til bruk på turne i Sambandsstatane og andre konsertar inntil vidare. Då Hauser leverte Segovia ein ny gitar på tinging, gav Segovia den gamle Hauser-gitaren til den nære venen sin, den amerikanske politikaren Sophocles Papas. Papas gav han så vidare til sin elev i klassisk gitar, nemleg Charlie Byrd, som seinare brukte han på fleire opptak.

Segovias fyrste USA-turné kom til i 1928 då Fritz Kreisler, den austerrikske fiolinisten som spela gitar i løyndom, overtala F. C. Coppicus frå Metropolitan Musical Bureau til å presentera gitaristen i New York by.Andres Segovia Is Dead At 94; His Crusade Elevated Guitar; by Donal Henahan; The New York Times; June 04, 1987Andres Segovia, Spanish Guitarist ; Biography; hosted at Cumpiano.com

Etter debutturnéen i 1928, komponerte Heitor Villa-Lobos det no velkjende verket Douze études (Tolv etuder) og dedikerte dei seinare til Segovia. Villa-Lobos heldt fram med å skriva for Segovia, i tillegg til å sjølv transkribera fleire klassiske verk og gjenoppliva tidlege transkripsjonar av forgjengarar som Tárrega.

mini|venstre|Andrés Segovia opptrer på "Concerts Ysaye" i Brussel, 15. desember 1932 (Hilda Wiener, 1877-1940) I 1932 vart Segovia kjend med komponisten Mario Castelnuovo-Tedesco i Venezia. Sidan Castelnuovo-Tedesco ikkje spela gitar, skaffa Segovia han to gitarkomposisjonar til å studera. Castelnuovo-Tedesco komponerte seinare ei lang rekkje verk for gitar, og mange av dei vart dedikerte til Segovia. Concerto Op. 99 frå 1939 var den fyrste gitarkonserten på 1900-talet og vart Castelnuovo-Tedescos siste verk i Italia før han utvandra til Statane. Verket vart urframført av Segovia i Uruguay i 1939.

I 1935 gav han si første offentlege framføring av det musikalsk utfordrande verket Chaconne av Bach. Han flytte så til Montevideo, og spela mange konsertar i Sør-Amerika på tretti- og førtitalet.

Etter andre verdskrigen tok Segovia til å gjera opptak oftare samt å gjera regelmessige turnéar i Europa og USA, noko han heldt fram med dei neste tretti åra. I 1954 vart Fantasía para un gentilhombre (Fantasi for ein herremann) dedikert til Segovia av komponisten Joaquín Rodrigo. I 1958 vann Segovia Grammyprisen for beste instrumentale soloframføring, for opptaket av Segovia Golden Jubilee.Segovia at Grammy.com

John W. Duarte dedikerte English Suite Op.31 til Segovia og kona hans (Emilia Magdalena del Corral Sancho) ved bryllaupet deira i 1962. Dette var tredje og siste gongen Segovia gifte seg. For sine bidrag til musikk og kunst, vart Segovia gjort adeleg den 24. juni 1981 av Kong Juan Carlos I, som gav Segovia den arvelege tittelen Marqués de Salobreña (norsk marki av Salobreña) i den spanske adelen.

Andrés Segovia opptredte heilt til han var langt opp i åra og var dels pensjonert i 70- og 80-åra på Costa del Sol. Det vart laga to filmar om livet hans og det han hadde utretta —ein då han var fylt 75 og ved den andre var han 84. Dei har vorte digitaliserte på ei DVD-plate med tittelen Andrés Segovia — in Portrait. Den siste RCA LP-plata hans (ARL1-1602), Reveries, vart teken opp i Madrid i juni 1977. I 1984 vart det laga ein radioføljetong om Segovia på National Public Radio i USA, med tittelen Segovia! Serien vart teken opp i Spania, Frankrike og USA.

Segovia fekk hjarteinfarkt og døydde i Madrid, 94 år gamal. Han er gravlagt i Casa Museo de Linares, i Andalusia.

Nokre utmerkingar

1958: Grammyprisen for beste instrumentale soloframføring 1974: Sonningprisen 1981: Fekk tittelen Marki av Salobreña. 1985: Ernst von Siemens' musikkpris 1986: Grammy Lifetime Achievement Award I løpet av livet sitt vart Segovia gjort til æresdoktor ved ti forskjellige universitet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrés Segovia» frå , den 3. desember 2013.

Fotnotar Engelsk Wikipedia viste til desse kjeldene:

Kategori:Spanske gitaristar Kategori:Spanske komponistar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Grammy Lifetime Achievement Award