Tingelstad gamle kyrkje (ofte kalla St. Petri) er ei steinkyrkje frå mellomalderen på Tingelstadhøgda i Gran kommune i Innlandet fylke. Ein meiner at kyrkja vart oppført omkring 1220, då tømmeret i takkonstruksjonen skal vere felt i 1219–20.

Kyrkja kom ut av bruk då Tingelstad nye kyrkje vart innvigd i 1866. Den gamle kyrkja vart då stengd, men ikkje riven. Inventaret er noko av det best bevarte eldre kyrkjeinteriøret i landet, men berre steinalteret og krusifikset over korbogen er frå mellomalderen. Eit gamalt altarfrontale er i Oldsaksamlinga, og det er laga ein kopi til kyrkja. Også den opphavlege vindfløya herfrå er i Oldsaksamlinga.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Gran/Tingelstad kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Gran Kategori:Kyrkjer i Hadeland og Land prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Kulturminne i Gran Kategori:Freda bygg i Innlandet