HTC Corporation eller High Tech Computer Corporation, kjent som HTC, er eit taiwansk teknologiselskap som vart skipa 15. mai 1997. Det har hovudkvarter i Xindian distrikt i Ny-Taipei på Taiwan. HTC var opphvleg ein original design manufacturer og original equipment manufacturer som designa og produserte berbare datamaskinar for andre veremerke. I dag produserer det alt frå mobilar og nettbrett, men også tilbehøyr til produkta.
Selskapet byrja etterkvart også å laga smarttelefonar, hovudsakleg for Windows Mobile. Det var med på å skipa Open Handset Alliance, ei gruppe mobiletelefonprodusentar og nettverkoperatørar vigd utviklinga av operativsystemet Android. HTC Dream (marknadsført av T-Mobile i mange land som T-Mobile G1) var den fyrste mobiltelefonen på marknaden til å bruka Android.
HTC byrja laga PDA og smarttelefonar i 2004 under varemerket Qtek. Det tok i bruk sitt eige namn for desse produkta i 2006, med lanseringa av HTC TyTN.
Selskapet har ein årleg omsetnad på 9,5 milliardar dollar og dei har 13500 tilsette. HTC var på toppen i 2011, men har sidan den gong tapt marknadsverdi på 90 prosent.
HTC vart skipa av Cher Wang () og H. T. Cho () i 1997. Cher Wang har halde fram som ein av leiarane for selskapet.
HTC er hovudsponsor av sykkellaget Team HTC Highroad, noko som dei har vore sidan 2009.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «HTC» frå , den 5. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
HTC i Store norske Leksikon About, htc.com
Kategori:Taiwanske føretak Kategori:Skipingar i 1997 Kategori:Elektronikkprodusentar