Leif Juster () var ein norsk skodespelar og teatersjef. Han er onkel til Rolf Just Nilsen.

Karriere

mini|venstre|Leif Juster i 1959, saman med Unni Bernhoft.

Juster debuterte i 1931 og var knytt til teatera Chat Noir og Scala før han tok stillinga som teatersjef i det tidlegare Søilen teater i 1942, og døypte det om til Edderkoppen teater. Då Edderkoppen vart lagt ned i 1967, vart Juster tilsett på Oslo Nye Teater der han var fram til han vart pensjonert.

Leif Juster debuterte som filmskodespelar i 1933 og er kjent frå mange norske filmar, som:

Fjols til fjells Den forsvunnede pølsemaker Bustenskjold Freske fraspark Flåklypa Grand Prix (forteljarstemme)

Prisar og utmerkingar

Allereie i 1957 fekk Leif Juster Kongens fortenestmedalje i gull. I 1969 vann Juster Leonardstatuetten. Han vart utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1980. I 1991 vann Leif Juster Amandaprisen sin heiderspris.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Fil:Loudspeaker.svg Lydsnutt med Leif Juster

Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske teatersjefar