Zeleebreen er ein isbre kring 5 km brei og 10 km lang, som flyt nord-nordvest frå innlandsisen langs vestsida av Lacroix Nunatak og endar i ei kjend tunge på vestsida av Port Martin. Han vart truleg oppdaga i 1840 av den franske ekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville, sjølv om ingen isbrear vart nemnde på kartet til d'Urville av denne kysten. Breen vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946-47. Han vart kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen under Liotard, 1949-51, og kalla opp etter «Zelee», korvetten som segla med flaggskipet til d'Urville, «Astrolabe».

Tilknytt til isbreen er Zelee bretunge , ei 11 km lang bretunge som er kring 3 km brei. Ho strekkjer seg ut i sjøen frå Zeleebreen. Tunga vart skissert ned frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946-47.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Adélie Land