Careybreen er ein isbre på austsida av Miller Peak i sørenden av Sentinel Range i Ellsworth Mountains, som flyt søraust til Minnesotabreen. Han vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1957–59, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant David W. Carey, pilot i U.S. Navy-skvadron VX-6, som omkom då eit P2V Neptune-fly styrta ved McMurdo Sound i oktober 1956.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carey Glacier» frå , den 16. desember 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Isbrear i Ellsworth Land