Arenabreen er ein isbre i Antarktis som er 3 nautiske mil lang. Breen flyt nordaust frå Mount Taylor ut i Hope Bay 2 nautiske mil sørvest for Sheppard Point, ved enden av Trinityhalvøya. Han vart kartlagt i 1948 og 1955 av Falkland Islands Dependencies Survey og han fekk dette namnet av dei fordi den flate toppen av isen i den øvre halvdelen av breen var omgjeven av dei bratte sidene av Twin Peaks, Mount Taylor og Blade Ridge, slik at det minna om ein arena.
Kjelder
Kategori:Isbrear på Trinityhalvøya