King Crimson er ei britisk rockegruppe som vart danna i 1969. Dei vert rekna som ein av grunnleggjarane av progressiv rock, og har trekt inn musikk og instrument frå mange sjangrar i løpet av karrieren sin (som jazz og folkemusikk, klassisk og eksperimentell musikk, psykedelisk rock, hard rock og heavy metal,Buckley 2003, s. 477, «Opening with the cataclysmic heavy-metal of "21st Century Schizoid Man", and closing with the cathedral-sized title track,» new wave, gamelan, electronica og drum and bass). Dei har påverka mange av dagens artistar og har mange tilhengjarar, trass i lite speletid på radio og fjernsyn.
Pete Sinfield vart intervjua i musikkdokumentaren Prog Rock Britannia: An Observation in Three Suits og skildra Crimson slik: «...me hadde ein etos i Crimson...me rett og slett nekta å spele noko som høyrdest ut som ei Tin Pan Alley-plate. Om det høyrdest for populært ut, så var det ut. Då det måtte vere komplisert, det måtte vere ekspansive akkordar. Om det høyrdest for enkelt ut, så gjorde me det meir komplisert, me spelte det i 7/8 eller 5/8, berre for å tøffe oss.»
Sjølv om bandet vart skipa i England, har King Crimson hatt ei blanding av engelske og amerikanske musikarar sidan 1981. Besetninga har stadig vorte endra og 18 musikarar og to tekstforfattarar har vore innom bandet. Den einaste musikaren som har vore med heile tida er gitarist Robert Fripp, medan trommeslagar Bill Bruford var medlem frå 1972 til 1997 og gitarist Adrian Belew har vore medlem sidan 1981.
Den første besetninga av bandet hadde stor innverknad, men var kortvarig og varte berre litt over eitt år. I 1970 og 1971 var King Crimson eit ustabilt band med mange endringar og skilnader mellom det dei spelte i studio og på konsertane sine med element av jazz, funk og klassisk kammermusikk. I 1972 hadde bandet fått ei meir stabil besetning og utvikla ein stil basert på improvisasjon, blanda med hardrock, klassisk musikk, frijazz og jazz-fusion før dei vart oppløyst i 1974. Dei vart gjenforeint med ny besetning i 1981 for tre år (denne gongen påverka av new wave- og gamelan-musikk) før dei vart oppløyst på ny for kring ti år. Etter den andre gjenforeininga i 1994, har King Crimson blanda stilen sin frå 1980- og 1970-åra med påverknader frå nyare musikksjangrar som industriell rock og grunge. Bandet har halde fram å blande forskjellige element inn i musikken sin på 2000-talet med drum and bass-aktige rytmelooopar og mykje bruk av MIDI og gitar i lag.
King Crimson har stadig hatt lengre pausar, starta av Robert Fripp, og den noverande statusen deira er ukjend. Sjølv om bandet ikkje er aktivt i dag, spelar dei forskjellige bandmedlemmane i lag i prosjektet kalla «ProjeKCts»).
Historie I august 1967 søkte brørne Michael Giles (trommer) og Peter Giles (bass) som hadde vore profesjonelle musikarar i forskjellige band sidan midten av tenåra i Dorset, etter ein syngande organist for det nye prosjektet deira. Musikaren Robert Fripp – ein gitarist som ikkje song – som òg var frå Dorset, svara på annonsa og trioen danna bandet Giles, Giles and Fripp.
Basert på eit format med eksentriske popsongar og komplekse instrumentalar, spelte bandet inn fleire mislukka singlar og eitt album, The Cheerful Insanity of Giles, Giles and Fripp. Bandet var nær suksess med fleire radioinnspelingar og framsyningar på fjernsyn, men dei klarte aldri å få hitten som var naudsynt for kommersielt gjennombrot. Albumet vart ikkje ein større suksess enn singlane og vart til og med kritisert av Keith Moon frå The Who i eit magasin. Giles, Giles and Fripp prøvde å utvide lydbiletet sitt med å ta inn multi-instrumentalist Ian McDonald på klaverinstrument, røyrbladinstrument og treblåseinstrument. McDonald tok med seg den dåverande kjærasten sin, den tidlegare Fairport Convention-songaren Judy Dyble, som berre var i gruppa ei kort stund fram til forholdet hennar med McDonald tok slutt (ho dukka seinare opp att i Trader Horne). McDonald tok òg med seg tekstforfattar, scenearbeidar og kunst-strateg Peter Sinfield, som han hadde skrive songar med. Partnarskapen deira starta då McDonald sa til Sinfield om bandet hans Creation i 1968, «Peter, eg må sei deg at bandet ditt er håplaust, men du skriv bra tekstar. Kva om me skriv nokre songar i lag?» Ein av dei første songane McDonald og Sinfield skreiv i lag var «The Court of the Crimson King».
Fripp hadde i mellomtida sett bandet 1-2-3 (seinare kjend som Clouds) på Marquee. Dette bandet inspirerte seinare noko av Crimson sin hang for klassiske melodiar og jazz-aktig improvisasjon. Henta 9. juni 2012. Fripp ønskte ikkje lenger å følgje den meir underlege popstilen til Peter Giles, og anbefalte venen Greg Lake, ein songar og gitarist, som nytt medlem i bandet, og foreslo at Lake anten skulle erstatte han sjølv eller Peter Giles. Sjølv om Peter Giles sidan spottande skildra dette som eit av Fripp sine «søte politiske trekk», hadde han sjølv vorte desillusjonert av at Giles, Giles and Fripp ikkje slo gjennom, og trekte seg ut slik at Lake tok over som bassist i bandet, songar og frontmann. På dette stadiet hadde bandet vorte King Crimson.
King Crimson, 1. besetning (1968–1969) Den første inkarnasjonen av King Crimson vart danna i London den 30. november 1968 og den første øvinga deira var den 13. januar 1969. Bandet fekk namn av tekstforfattaren deira Peter Sinfield som eit synonym for Beelsebub, ein demonprins. I følgje Fripp er Beelzebub ei anglisert form av det arabiske uttrykket «B'il Sabab», som tyder «mann med eit mål» - sjølv om det bokstaveleg talt tyder «med eit føremål». På dette stadiet var Ian McDonald hovudlåtskrivaren til King Crimson, men med store bidrag frå Lake og Fripp i tillegg, medan Sinfield ikkje berre skreiv alle tekstane, men han opererte og designa òg det banebrytande lysshowet under konsertane deira. McDonald foreslo at det nye bandet skulle kjøpe ein Mellotron (det første dømet på at bandet alltid involverte seg med musikkteknologi) og dei nytta dette instrumentet til å skape ein orkesteraktig rockestil, inspirert av The Moody Blues.
King Crimson heldt den første konserten sin den 9. april 1969, og gjorde eit gjennombrot då dei spelte på gratiskonserten i Hyde Park i London, som The Rolling Stones fekk i stand i juli 1969 føre 650 000 menneske.
In the Court of the Crimson King Debutalbumet til bandet, In the Court of the Crimson King, kom ut i oktober 1969 på Island Records. Fripp har seinare skildra albumet som «ein umiddelbar kjempesuksess» og «New Yorks syrealbum i 1970» (trass i at Fripp og Giles hevda at bandet aldri nytta psykedeliske dop). Albumet fekk ros i media av Pete Townshend, gitaristen i The Who, som kalla albumet «eit fabelaktig meisterverk». Stilen på In the Court of the Crimson King (særskild songen «21st Century Schizoid Man») har òg vorte skildra som ein føregangar for alternativ rock og grunge, medan dei rolegare songane er sagt å ha ei «overjordisk» og «nesten heilag» kjensle. I motsetnad til den bluesbaserte hardrocken i dei britiske og amerikanske musikkmiljøa på denne tida, presenterte King Crimson ei meir europeisk tilnærming som blanda det gamle og det moderne. Musikken til bandet var påverka av inspirasjonskjeldene til alle dei fem medlemmane. Desse elementa omfatta klassisk musikk frå romantikken og modernismen, psykedelisk rock med Jimi Hendrix i spissen, folk, jazz, militærmusikk (delvis inspirert av McDonald sin periode som musikar i hæren), ambient improvisasjon, Victoriana og britisk pop.
Etter å ha spelt konsertar i England drog bandet på ein turné i USA, og delte scene med mange populære musikarar og grupper på den tida. Den første konserten deira i USA vart framført på Goddard College i Plainfield i Vermont. Medan den originale stilen deira forbløffa publikum og kritikarar, hadde det alt utvikla seg kreative spaningar i bandet. Michael Giles og Ian McDonald, som framleis strevde med å takle den raske suksessen til King Crimson og realitetane i turnélivet, vart urolege for retninga til bandet. Sjølv om han verken var den dominerande låtskrivaren eller frontmannen i bandet, var Fripp i høgaste grad drivkrafta bak bandet og talsmannen deira, og leia King Crimson inn i eit stadig mørkare og meir intenst musikalsk område. McDonald og Giles, som føretrekte den lettare og meir romantiske stilen i musikken, vart stadig meir ukomfortabel med stillinga si og trekte seg frå bandet under turneen deira i California. For å redde det han såg som dei viktigaste elementa i King Crimson, foreslo Fripp at han sjølv kunne slutte, men McDonald og Giles meinte at bandet var «meir han enn dei» og at det derfor var dei som burde dra.
Den originale besetninga heldt den siste konserten sin i lag i San Francisco på Fillmore West den 16. desember 1969. Ian McDonald og Michael Giles forlet formelt King Crimson for å starta solokarrierer, og spelte inn albumet McDonald and Giles i 1970 før dei gjekk kvar til sitt. McDonald vart seinare eit av medlemmane som starta bandet Foreigner medan Giles vart studiotrommeslagar. Konsertopptak med den originale besetninga av King Crimson vart i 1996 gjeven ut som det doble konsertalbumet Epitaph.
Frå byrjinga av 1970 til midten av 1971 var det mange utskiftingar i King Crimson, med mange turnéplanar som gjekk i vasken og vanskar med å finne ei tilfredsstillande musikalsk retning. Denne perioden vart sidan kalla «interregnum» - eit kallenamn som indikerer at bandet ikkje var skikkeleg på plass i denne perioden.) Greg Lake var det neste medlemmet som forlet bandet, og drog tidleg i 1970 etter å ha møtt Keith Emerson. I lag danna dei det som vart Emerson, Lake & Palmer. Dermed var Fripp den einaste gjenverande musikaren igjen i bandet og byrja å spele både klaverinstrument og gitar. For å kompensere tok Sinfield ei meir kreativ rolle og byrja å utvikle ei interesse for synthesizerar for dei komande albuma.
In the Wake of Poseidon Det andre albumet til bandet, In the Wake of Poseidon, vart spelt inn med ei blanding av gjenverande medlemmar (Fripp og Sinfield) og dei tidlegare bandkameratane deira. Michael Giles kom attende for å spele trommer i studio, i lag med broren Peter Giles på bass. På eit stadium vurderte bandet å leige inn den då ukjende Elton John for å synge på albumet, men valde å la vere. Istaden (og i byte mot PA-utstyret til King Crimson som betaling), gjekk Lake med på å synge på In the Wake of Poseidon, og song på alle songane på albumet utanom «Cadence And Cascade», som vart sungen av den gamle skulekameraten til Fripp, Gordon Haskell. Mel Collins (tidlegare i bandet Circus) medverka med saksofon og fløyte. Ein annan viktig musikar på albumet var jazzpianisten Keith Tippett, som vart ein viktig del av lydbiletet til King Crimson på dei neste albuma. Sjølv om Fripp tilbaud han fullt medlemskap i bandet, føretrekte Tippett å berre spele i studio og spelte berre ein konsert i lag med bandet. In the Wake of Poseidon vart teken forholdsvis godt imot då det kom ut, men vart kritisert for å vere for likt debutalbumet og vart til og med skulda for å vere ei etterlikining.
Lizard