Hjørring kommune er ein dansk kommune i Vendsyssel i Region Nordjylland, på øya Vendsyssel-Thy, òg kalla Nørrejyske Ø, som er den parten av Jylland som ligg nord for Limfjorden. Kommunen vart danna ved kommunereforma i 2007 ved ei samanslåing av den tidlegare Hjørring kommune med Hirtshals kommune, Løkken-Vrå kommune og Sindal kommune.Hjørring Kommune frå Den Store Danske
Kommunen har 63 544 innbyggjarar (2024). Administrasjonssenteret ligg i Hjørring.
Byar Dei største byane i kommunenDanmarks Statistikbank Nr By Innbyggjarar (2011) Innbyggjarar(2012) Vekst 1 Hjørring 24.762 24.867 +105 2 Hirtshals 6.194 6.140 -54 3 Sindal 3.081 3.090 +9 4 Vrå 2.447 2.522 +75 5 Tårs 1.994 1.978 -16 6 Løkken 1.558 1.566 +8 7 Bindslev 1.130 1.144 +14 8 Tornby 1.025 1.026 +1 9 Bjergby 905 903 -2 10 Horne 757 772 +15
Borgarmeistrar Søren Smalbro (V) 2022– Arne Boelt (S) 2010–2021 Finn Olesen (S) 2007–2009
Referansar
Kategori:Kommunar i Region Nordjylland