Hektoriabreen er ein isbre som flyt sør frå området kring Mount Johnston ut i Larsenisen like vest for Shiver Point, på austkysten av Den antarktiske halvøya. Namnet «Hektoria Fiords» vart gjeve av sir Hubert Wilkins under flyturen hans den 20. desember 1928, etter SS «Hektoria», som hadde ført han til Deceptionøya. Etter landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947, kunne ikkje breen identifiserast, men under ei ny landmåling av FIDS i 1955, vart den «lange isfyllte fjorden» til Wilkins identifisert som denne breen og to korte unamngjevne
Kjelder
Kategori:Isbrear i Graham Land Kategori:Oscar II Coast