Erkki Lauri Johannes Antila () er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Jurva i Kurikka. Han tok to individuelle VM-medaljar i 1981 og dessutan to VM-sølv i stafettøvinga.

Aktiv Antila gjekk for det finske laget som fekk sølvmedalje på 4x7,5 km stafett under VM i skiskyting 1977 på Vingrom, einast slått av Sovjetunionen. To år seinare kopierte eit nytt finsk stafettlag prestasjonen under VM 1979 i Ruhpolding, også då med Antila på laget. Etter at han under vinter-OL 1980 i Lake Placid hadde blanda seg inn i medaljekampen på 20 km, gjorde han sitt beste meisterskap i Lahti i 1981. Her tok han bronsemedaljen på 20 km, og sidan sølvmedaljen på 10 km.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1977 i Vingrom: Sølvmedalje i stafett, nr 10 på 10 km VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen: Nr 8 på 20 km VM i skiskyting 1979 i Ruhpolding: Sølvmedalje i stafett, nr 11 på 20 km Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 5 på 20 km VM i skiskyting 1981 i Lahti: Sølvmedalje på 10 km og bronsemedalje på 20 km VM i skiskyting 1982 i Minsk: Nr 5 på 20 km VM i skiskyting 1983 i Antholz: Nr 5 i stafett

Langrennaren Hilkka Riihivuori er syskenbarnet hans.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Finske skiskyttarar Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1980