Hol gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1200-talet, som står i tettstaden Hol, nordvest for Hagafoss og Holsfjorden i Hol kommune i Buskerud fylke.
Kyrkja vart opphavleg oppført i stavverk. Ved seinare utvidingar har delane vorte bytta ut ein etter ein, og berre apsiden har stavverk i dag. Kyrkja var einaste kyrkje i Hol før det kom kyrkje på Geilo. Ho vart avløyst av Hol nye kyrkje i 1924.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Sigrid og Håkon Christie: Hol gamle kirke i «Norges kirker» Hol kyrkjelege fellesråd Bernt Eggen: Hol gamle kirke (Terra Buskerud) Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Hol Kategori:Kulturminne i Hol Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Hallingdal prosti Kategori:Freda bygg i Buskerud