Fred Anton Maier () var ein norsk skeiseløpar og syklist frå Nøtterøy i Vestfold. I 1968 vart han europmeister, verdsmeister, samt olympisk meister på 5000 m skeiseløp. Han vart noregsmeister på skeiser i 1965. Skeiseløparen Maier var medlem av Tønsberg Turn, medan han som syklist tevla for Tønsberg Cykleklubb.

Skeiseløp Maier markerte seg som ein solid langdistanseløpar på nasjonalt nivå i 1958-sesongen. Under noregsmeisterskapen på Notodden vart han nummer tre på 10 000 meter, samanlagt vart han mummer ni. To år seinare enda han på femteplass då NM fann stad på Hønefoss. I 1961 vann han 10 000 m under NM i Sandefjord og kunne klive opp på pallen då meisterskapsløpa var over, berre Knut Johannesen og Nils Aaness presterte betre. Dermed fekk Maier delta i både europameisterskapen i Helsinki og verdsmeisterskapen i Göteborg, der han vart høvesvis nummer 12 og 13.

I 1963 var Maier ein del av den såkalla norske skeise-revolusjonen, sesongen då norske skeiseløparar etter nokre magre år atter hevda seg i toppen på resultalistene. Noregsmeisterskapen på skeiser på Hamar i 1963 enda opp som i 1961, med Johannesen, Aaness og Maier på dei tre fyrste plassane. Då Noreg kledde sigerspallen i raudt-kvitt og blått under skeise-EM 1963 i Göteborg, var Maier den einaste nordmannen som ikkje kjempa om laurbær. Han hamna til sist på tiandeplassen, noko betre gjekk det i VM i japanske Karuizawa der han vart nummer sju.

Maier deltok både på 5 000 m og 10 000 m under Vinter-OL 1964. På 5 000 m fullenda han ein stor norsk dag ved å ta bronsemedaljen på tida 7.42,0, Knut Johannesen vann gullmedaljen med ein margin på to tidels sekund til Per Ivar Moe, 7.38,4 mot 7.38,6. På 10 000-meteren sikra seg Maier seg sølvmedaljen etter 16.06,0, svenske Jonny Nilsson vart ein suveren vinnar med 15.50,1. I samanlagtmeisterskapa gjorde Maier det best med ein åttandeplass ved EM i Oslo.

Under noregsmeisterskapen 1965 i Arendal var det dag for Maier sin fyrste triumf. Han vann på 5 000 m og 10 000 m klart, og sikra seg NM-tittelen med 0,500 poeng til gode på toaren Per Ivar Moe. Men i dei internajsonale meisterskapane var det Moe Noreg måtte stole på, han vart nummer to i EM før han vann VM på Bislett stadion. Maier vann rett nok 5 000 m under EM, men enda som nummer sju og ni i dei to meisterskapane. På tampen av 1965-sesongen forbetra han på Notodden verdsrekorden på 5 000 meter til 7,28,1, ei rekordforbetring på heile fem sekundar.

Både under NM 1966 og NM 1967 måtte Maier sjå at Svein Erik Stiansen kunne klive til topps på sigerspallen, Maier sjølv vart nummer to begge gongane, trass i solide distansesigrar på 5 000 m og 10 000 m begge åra. Maier vart beste nordmann på femteplass då EM 1966 vart avvikla på kunstisbanna i Deventer, i VM på Nya Ullevi i Göteborg vart han nummer sju. Høgdepunktet i sesongen kom på Bislett stadion der han i ein femlandskamp overraska stort og vann tre av dei fire distansane. Han avslutta landskampen med 15.32,2 og sletta dermed den tre år gamle milrekorden til Jonny Nilsson.

Året etter forbetra Maier 10 000-meterrekorden til 15.31,8 på den rekordraske isen i tyske Inzell. Etter femlandskampen på Bislett var det klart at Maier var i ferd med å verte ein løpar som kunne melde seg på i kampen om dei internasjonale meisterskapstitlane. Det viste seg under VM 1967 i Oslo, der han vart nummer tre etter dei to suverene nederlandske utøvarane Ard Schenk og Kees Verkerk.

mini|Fred Anton Maier under EM 1968 på Bislett stadion i Oslo Vinteren 1968 vart den store sesongen for Maier. Solide langdistanseløp med ny verdsrekord på 15.29,5 på 10 000 m under NM var ikkje nok til å ta heim NM-kransen, i Horten vann Magne Thomassen med 0,050 poeng til gode på Maier. Under europameisterskapen på Bislett stadion ei veke seinare vann Maier 5 000 m med over 15 sekundar til nettopp Thomassen, som vart nummer to på distansen. Dagen etter forbetra Maier sin eigen verdsrekord på 10 000 m til 15.20,3 og vart europameister, med Eduard Matusevitsj frå Sovjetunionen og Magne Thomassen på dei neste plassane. 15. februar vann Maier den olympiske skeisetevlinga over 5 000 m på ny verdsrekord; 7.22,4. Han var den store favoritten på 10 000 m og gjekk eit sterkt løp på 15.23,9 i fyrste par. Gullmedaljen såg ut til å vere klar, men i det sjuande paret gjekk svensken Johnny Höglin sitt livs 10 000-meterløp og tok heim sigeren med tre tidels sekund; 15.23,6. Ei veke etter vinterleikane i Grenoble var over, kjempa Maier og Thomassen drabeleg om VM-tittelen, med Maier som vinnar til slutt. Den 9. mars forbetra han i Inzell sin eigen verdsrekord på 5 000 m til 7.16,7.

Maier representerte Noreg i dei internasjonale skeisemeisterskapane også i 1969, med ein sjuandeplass i EM som beste prestasjon. Han la bort konkurranseskeisene etter 1970-sesongen.

Personlege rekordar Distanse Tid Dato Sted Bane 500 m 41,8 3. februar 1968 Davos Davos Eisstadion 1 500 m 2.06,1 10. mars 1968 Inzell Eisstadion Inzell 5 000 m 7.16,7 9. mars 1968 Inzell Eisstadion Inzell 10 000 m 15.20,3 28. januar 1968 Oslo Bislett stadion

Verdsrekordar Liste over verdsrekordnoteringar gjort av Fred Anton Maier. TidDatoStadBaneRennVarigheitSenior menn – 3 000 m4.17,57. mars 1968 InzellLudwig-Schwabl-StadionRekordlaup 196810 månader 21 dagarSenior menn – 5 000 m7.28,14. mars 1965 NotoddenNotodden sportsplassNasjonalt laup 19651 år 11 månader 22 dagar7.26,27. januar 1968 DeventerIJsselstadionLandskamp NED–NOR 19681 månad 8 dagar7.22,415. februar 1968 GrenobleAnneau de VitesseVinter-OL 196823 dagar7.16,79. mars 1968 InzellLudwig-Schwabl-StadionRekordlaup 196811 månader 20 dagarSenior menn – 10 000 m15.32,26. februar 1966 OsloBislett stadion5-landskamp NOR–URS–NED–FIN–SWE 19661 år 22 dagar15.31,828. februar 1967 InzellLudwig-Schwabl-StadionRekordlaup 196710 månader 24 dagar15.29,521. januar 1968 HortenLystlundenAllround-NM 19687 dagar15.20,328. januar 1968 OsloBislett stadionEM 19681 månad 11 dagarSenior menn – Stor firkamp178,2535./6. februar 1966 OsloBislett stadion5-landskamp NOR–URS–NED–FIN–SWE 19681 år 6 dagar176,34024./25. februar 1968 GöteborgNya UlleviAllround-VM 196814 dagar

Norske rekordar Norske rekordar kunne berre setjast på norske baner. TidDatoStadRennVarigheitSenior menn – 3 000 m4.28,124. februar 1966TrondheimInt. stevne1 år 11 månader 28 dagar4.27,421. februar 1968Oslo/BislettInt. stevne20 dagar4.22,412. mars 1968NotoddenInt. stevne10 månader 19 dagar4.21,831. januar 1969HamarInt. stevne2 år 6 dagarSenior menn – 5 000 m7.57,16. januar 1963SkienInt. stevne13 dagar7.34,112. februar 1965Oslo/BislettAllround-VM19 dagar7.28,14. mars 1965NotoddenInt. stevne3 år 9 månader 18 dagar7.27,322..desember 1968HamarInt. stevne7 år 2 dagarSenior menn – 10 000 m15.49,727. januar 1963Oslo/BislettLandskamp NOR–URS11 månader 23 dagar15.32,2  6. februar 1966Oslo/Bislett5-landskamp NOR–URS–NED–FIN–SWE1 år 11 månader 15 dagar15.29,5  21. januar 1968HortenAllround-NM7 dagar15.20,3  28. januar 1968Oslo/BislettEM7 år 11 månader 28 dagarSenior menn – Stor firkamp178,2535.–6. februar 1966Oslo/Bislett5-landskamp NOR–URS–NED–FIN–SWE 19681 år 11 månader 22 dagar177,31827.–28. januar 1968Oslo/BislettEM1 år 11 månader 5 dagar

Sykkelritt Maier var ein habil sykkelryttar, særleg i temporitt. Både i 1957 og 1967 tok han bronse i NM i 50 km temposykling.

Maier vart tildelt Egebergs ærespris i 1967.

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar

Denne artikkelen bygger på «Fred Anton Maier» frå , den 11. juni 2015.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske syklistar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Nøtterøy