Griffithbreen er ein sidebre som flyt vestover frå California Plateau og Watson Escarpment i Antarktis og ut i Scottbreen mellom Mount McKercher og Mount Meeks. Han vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960–63, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter kapteinløytnant Philip G. Griffith, ein flykaptein på flyfotograferingsturane under Operasjon Deep Freeze 1966 og 1967.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Marie Byrd Land