Husøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1933 på Husøy i Tønsberg kommune i Vestfold. Kyrkja er av stein og har 200 sitjeplassar. Ein kjem til staden via fylkesveg 430 fra Nøtterøy.
Det vart innvigd kyrkjegard med gravkapell på Husøy i 1925. Kyrkja vart teikna av Eirik Eikrann, oppført nokre år seinare og innvigd 8. september 1933. Det er ei karakteristisk langkyrkje som er forblenda med ein lokal syenitt med nokså ru overflate. Kyrkja har bratte saltak — også på vesttårnet. Det er sakristi på kvar side av koret i aust, slik at denne delen av bygningskroppen har same breidd som skipet. Utvendig er kyrkja openbert mellomalderinspirert med moderne tillempingar, medan interiøret er prega av ein funksjonalistisk påverka klassisisme.
Altartavla har form av eit trerelieff utført av Karl G. Nilssen. Motivet er den trøstande Kristus.Jf. Matt. 11.28 I ei nisje framfor preikestolen er ein utskoren figur av Martin Luther, også denne utført av Nilssen. På fondveggen i koret er eit rundt vindauge med glasmåleri som syner lammet og seiersfana midt på ein kross. Døypefonten er av tre og glas og har elektrisk lys.
Kyrkjegarden breirer seg hovudsakleg sørover og vestover frå kyrkja. Nord for kyrka står eit krigsminnesmerke.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Husøy kyrkje i Tønsberg» frå , den 4. januar 2014.
Bakgrunnsstoff
Sem og Slagen bygdebok om Karl G. Nilssen
Kategori:Kyrkjer i Tønsberg Kategori:Kyrkjer i Tønsberg domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1933 Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kulturminne i Tønsberg