Forsmobrua som kryssar Drevjo like ovanfor Forsmoforsen, mellom gardane Straum og Forsmoen i Drevja, var den første bilvegbrua i Noreg som vart bygd i aluminium. Brua vart opna i september 1995.Østlid og Solaas: Testing a new aluminium road bridge Ho har ei totallengd på 39 m og er 7,4 m brei.AA ABC: Aluminum in Bridge Construction: Perspective on Design, Construction and Performance Brua har to spenn.
Forsmobrua ligg på Fylkesveg 7320 i Nordland og har ei bereevne på 50 tonn (Bk12).
Kjelder
Kategori:Bruer i Nordland Kategori:Bruer opna i 1995 Kategori:1995 i Noreg Kategori:Vefsn kommune