Hainesbreen er ein isbre som er 7,5 km brei, og som flyt søraustover og inn i Meinardusbreen like aust for Mount Barkow, på austkysten av Palmer Land i Antarktis. Han vart oppdaga og fotografert frå lufta i desember 1940 av U.S. Antarctic Service. I løpet av 1947 vart breen fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla han frå bakken. Isbreen vart namngjeven frå FIDS etter William C. Haines, ein amerikansk meteorolog som deltok på Byrd-ekspedisjonane i 1928–30 og 1933–35, og som var med på å skrive dei meteorologiske rappoartane etter desse to ekspedisjonane.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Palmer Land