mini|Ei side av ein Haggadá sjel pesah på jødisk marathi som vart trykt i Mumbai i 1890. Jødisk marathi eller judeomarathi er ei form av marathi som blir tala av bene Israel, ei jødisk folkegruppe i India. Jødisk marathi skil seg generelt ikkje så mykje ut frå annan marathi at ein reknar det som eit sjølvstendig språk. Det finst likevel fleire døme på jødiske tekstar skrivne på marathi med devanagari eller hebraisk skrift. Til dømes finst det ein Haggada frå 1911 på hebraisk skriven med devanagariskrift, og ei bønebok med instruksjonar på marathi skriven med hebraisk skrift.

I sjølve ordforrådet er det mange lånord frå hebraisk og arameisk og — etter innflytnad frå cochinijødane i Kerala — jødisk malayalam og portugisisk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Judeo-Marathi» frå , den 29. desember 2025.

kategori:bene Israel kategori:jødiske språk kategori:indoariske språk kategori:språk i India