Osorno er ein 2 652 meter høg, kjegleforma stratovulkan som ligg mellom Osorno-provinsen og Llanquihue-provinsen i Los Lagos-regionen i Chile. Han ligg på søraustbreidda av Llanquihuesjøen, og tårnar òg over Todos los Santos-sjøen. Osorno er kjend som eit symbol for det lokale landskapet og likskapen til Fuji-fjellet.
Osorno er ein av dei mest aktive vulkanane i dei sørchilenske Andesfjella, med 11 historiske utbrot mellom 1575 og 1869. Lavastraumar av basalt og andesitt frå desse utbrota har nådd både Llanquihue- og Todos los Santos-sjøen. Den øvre fjellsida av vulkanen er nesten heilt dekt av isbrear, trass i moderat høgd og breiddegrad. Årsaka til at isbreane vert opprettheldt er ein god del snø gjennom vinteren på grunn av det fuktige, maritime klimaet i regionen.
Osorno ligg over ein 250 000 år gammal erodert stratovulkan, La Picada, med ein 6 km vid kaldera.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Osorno (volcano)» frå , den 14. januar 2014. oppgav desse kjeldene
(på spansk)
Bakgrunnsstoff Rundt Osorno detaljert skildring
Kategori:Stratovulkanar i Chile Kategori:Fjell i Chile Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Vulkanar i Los Lagos-regionen