Oberstbreen er ein isbre som drenerer vestsida av Balchenfjella i Sør-Rondane. Han vart kartlagd av norske kartografar i 1957 frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47, og namngjeven Oberstbreen på grunn av tilknytinga til Balchenfjella. Bernt Balchen, ein kjend norsk pilot i Arktis, fekk rangen oberst i U.S. Army Air Force i andre verdskrigen.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Ragnhild Kyst