Wigginsbreen er ein 19 km lang isbre på Kiev Peninsula i Antarktis, som flyt frå Bruce Plateau til vestkysten av Graham Land like sør for Blanchard Ridge. Han vart kartlagt av Den franske antarktisekspedisjonen i 1908–10 under Charcot, og namngjeven Glacier du Milieu («Mellombreen»). UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) tykte dei trong eit betre namn og i 1959 gav dei breen namn etter W.D.C. Wiggins, som var visedirektør i Overseas Surveys.

Kjelder SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.

Kategori:Isbrear i Graham Land Kategori:Graham Coast