Barnettbreen er ein stor isbre i Anare Mountains som flyt aust langs sørsida av Tapsell Foreland og ut i Smithfjorden, nord i Victoria Land. Han vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960–63, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Donald C. Barnett, ein topografisk ingeniør i USGS og medlem av USGS Topo East and West i 1962–63. Dei gjorde geodetiske kontrolleringar i området frå Cape Hallett til Wilson Hills og frå foten av Beardmorebreen gjennom Horlick Mountains.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Barnett Glacier» frå , den 15. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Pennell Coast