Østerhus arbeidskyrkje er ei arbeidskyrkje i Grimstad kommune i Agder.
Kyrkja held til i samme bygg som ein barnehage som vert driven av kyrkjelyden. Barnehagen opna i 1982, medan sjølve kyrkjesalen stod klar i 1985. I byrjinga stod ei stifting for drifta, men kyrkja høyrer no til same sokn som Landvik kyrkje og har gudsteneste dei søndagane Landvik ikkje har det.
Kjelder
Kategori:Kyrkjer i Grimstad Kategori:Kyrkjer i Vest-Nedenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1985 Kategori:Arbeidskyrkjer