Rano Raraku er eit vulkankrater forma av størkna vulkansk oske, eller tuff, som ligg i den nedre fjellsida til Terevaka i Rapa Nui nasjonalpark på Påskeøya. Det låg eit steinbrot her i kring 500 år fram til tidleg på 1700-talet, der steinen til kring 95 % av dei kjende statuane på øya (moai) vart henta. 397 av moaiane står i dag att ved Rano Raraku og staden er i dag ein del av verdsarva i Rapa Nui nasjonalpark. Krateret er ein av sju seksjonar i parken.
Fysisk skildring mini|venstre|Utsida av Rano Raraku med tjue moaiar, nokre gravlagde opp til halsen.
Sidene av Rano Raraku-krateret er høge og bratte, utanom i nord og nordvest, der dei er mykje lågare og slakare. Inne i krateret ligg ein av tre ferskvassjøar, ein kratersjø, som er omringa av nga'atu eller totora-siv. Desse plantene, som ein ein gong meinte var bevis for kontakt med det søramerikanske fastlandet, veit ein no voks på øya i minst 30 000 år og vart nytta av rapanui-folk for ly og symjehjelp.
Uferdige moaiar i steinbrotet Dei uferdige statuane i steinbrotet er merkverdige både fordi det er mange av dei, og fordi dei ligg vanskeleg till høgt i den ytre kratervegge. Den største av dei er 21,6 meter høg, nesten dobbelt så stor som andre moaiar som vart laga ferdig, og veg kring 270 tonn, mange gonger vekta til andre moaiar som vart flytta på.
Somme uferdige moai ser ut til å ha vorte forlatne etter at hoggarane trefte på intrusjonar med særs hard stein.
Andre kan vere skulpturar som aldri var meint å flyttast på. mini|Vegen til Rano Raraku
Ståande moaiar ved Ranu Raraku På utsida av steinbrotet står mange moaiar, somme er delvis gravlagde til skuldene i avfallet frå steinbrotet. Dei er merkverdige fordi augo ikkje vart hola ut, dei har ikkje noko pukao og dei vart ikkje rivne overende under borgarkrigane på øya. Sidan dei framleis står er dei eit av dei mest kjende fotomotiva på øya.
Tukuturi
Tukuturi er ein uvanleg moai. Skjegget og den knelande posituren skil han frå dei vanlege moai.
Den merkelege posituren til denne statuen er godt kjend på Påskeøya og vert kalla tuku turi eller berre tuku. Det var posituren både menn og kvinner nytta då dei song i eit kor under ei feiring kalla riu, der posituren vart kalla tuku riu.Englert, Father Sebastian. Island at the Center of the World: New Light on Easter Island. New York: Charles Scribner's Sons, 1970.
mini|Tukuturi, med Poike i bakgrunnen og Ahu Tongariki mot høgre.
Tukuturi er laga av raud scoria frå Puna Pau, men står ved Rano Raraku, tuff-brotet. Han kan mogelegeins vere knytt til Tangata manu-kulten, og er då i såfall ein av dei siste moai som vart laga.Jo Anne Van Tilburg (1994). Easter Island Archaeology, Ecology and Culture, p. 146.
Det er truleg at statuen representerer ein riu-songar og vart laga etter dei klassiske statuane.
mini|venstre|portrett|Tukuturi og skjegget hans
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rano Raraku» frå , den 17. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Splendid Isolation: Art of Easter Island, an exhibition catalog from The Metropolitan Museum of Art (fully available online as PDF), which contains material on Rano Raraku
Kategori:Arkeologiske stader på Påskeøya Kategori:Vulkanar på Påskeøya Kategori:Kratersjøar Kategori:Maarar i Chile Kategori:Megalittiske monument Kategori:Steinkunst i Oseania