Drammen (òg kalla Dramn) er ein bykommune i Buskerud fylke. Byen Drammen ligg på begge sider av Drammenselva der ho munnar ut i Drammensfjorden. Drammen hamn er ei naturleg hamn som har vorte brukt sidan vikingtida.

Bragernes på nordsida av Drammenselva og Strømsø-Kobberviktangen på sørsida av elva vart gjeve ein faktisk, men ikkje formell status som ladestadar i eit kongebrev frå 1636. Desse to ladestadane fekk i 1715 rettar som kjøpstadar kvar for seg. Kjøpstaden Drammen vart skipa i 1811 ved at Bragernes og Strømsø vert slege saman, og dette er rekna som grunnlegginga av den noverande byen Drammen. Stiftamtmann, statsråd og lagtingspresident Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838) var ein av dei som tok initiativet til å slå saman Bragernes og Strømsø til Drammen i 1811, og difor fekk Rosenkrantzgata i dei noverande administrative bydelane Bragernes og Åssiden namn etter han i samband med at byen vart hundre år i 1911. Den 1. januar 2020 slo Drammen, Svelvik og Nedre Eiker seg saman til nye Drammen kommune.

Drammen kommune har innbyggjarar, men byen har vakse slik at han strekker seg inn i nabokommunane Lier, Asker og Øvre Eiker. Tettstaden Drammen har difor og er dermed den femte største i Noreg.

Namnet Namnet er ei forvansking av det gamle namnet «Drafn», som var namnet på den inste delen av Drammensfjorden, 'fn'-leddet har som på dei fleste plassane austafjells blitt til 'mn'. Vidare har det blitt sett inn ein vokal for å forenkle uttalen av 'mn'-leddet.

mini|Bragernes kyrkje og tårnbygningane, Rådhuset til høgre og brannvakta til venstre, ved Bragernes torg mini|Drammen bibliotek mini|Ypsilon bru

Utdanning Høgskolen i Buskerud

Institusjonar Drammen Travbane Drammens Museum Drammens Teater Drammens Tidende Drammenshallen Union Scene Aass Bryggeri

Kjende drammensarar Hanna Winsnes (1789-1872) Johan Halvorsen (1864-1935), komponist Sigurd Christiansen (1891-1947), forfattar Triztán Vindtorn (1942-2009), lyrikar Tor Bomann-Larsen (f. 1951), teiknar og forfattar Kim Christiansen (f.1976), snøbrettkøyrar Johann Olav Koss (f. 1968), skøyteløpar Charles Mathiesen (1911-1994), skøyteløpar Sten Einar Stensen (f. 1947), skøyteløpar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Drammen kommune Drammensbilder FIS WorldCup - skisprint i Drammen

Nyheiter Drammens Tidende Drammen Live24 Drammensavisa

Kultur Kultur og aktiviteter i Drammen Drammens Teater DNT Drammen og Omegn Drammens Sportsfiskere Drammen Elvefestival

Kategori:Kommunar i Buskerud