Thiruvananthapuram (tidlegare kalla Trivandrum) er hovudstad i den indiske delstaten Kerala og administrasjonssentrum i Thiruvananthapuram distrikt. Byen ligger heilt sør i Kerala, på sørvestkysten av India, og rundt 8 mil nordvest for sørspissen av India.

Byen hadde 752 490 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011, Census of India; Provisional Population Totals Paper 2 of 2011 : India (Vol II), Cities having population 1 lakh and above (pdf-fil) Oppgjeve av Svensk Wikipedia. 1 687 406 om ein reknar med forstader. Census of India; Provisional Population Totals Paper 2 of 2011 : India (Vol II), Urban Agglomerations/Cities having population 1 lakh and above (pdf-fil) Oppgjeve av Svensk Wikipedia. Det mest utbreidde språket her er malayalam, som i resten av Kerala.

Historie og stilling Namnet «thiru-anantha-puram» tyder 'byen til Anantha' og viser til gudefiguren i Padmanabhaswamytempelet som ligg sentralt i byen. Tempelet er rundt 2 000 år gammalt. Byen blei gjort til hovudstad av kong Marthandavarma i 1729, og var hovudstad i Travancore frå 1745. Då Kerala blei eigen delstat i 1956 var byen eit naturleg val som delstatshovudstad. Han er erkebispesete både for den katolske kyrkja og den syro-malankariske kyrkja, som har eksistert i Kerala i fleire hundre år.

Byen blei kalla «Trivandrum» av britane, som var aktive i byen sjølv om kongeriket aldri var direkte underlagt det britiske imperiet. I 1991 blei namnet offisielt bytta tilbake til malayalamnamnet Thiruvananthapuram.

Institusjonar og næringsliv mini|Arbeidarar framfor ein del av Napier-museet i indo-sarasensk stil frå kolonitida i dyrehagen i Thiruvananthapuram. Byen huser fleire statlege bygg, kontor, organisasjonar og verksemder. Thiruvananthapuram er også eit akademisk sentrum med fleire høgare utdanningsinstitusjonar som Universitet i Kerala frå 1933, Vikram Sarabhai Space Centre (VSSC), Technopark og Det indiske instituttet for romvitenskap og teknologi (IIST). I tillegg finst fleire museum, ein botanisk hage og ein dyrehage.

mini|venstre|Vizhinjam-hamna Thiruvananthapuram er også ein viktig hamneby med kystfiske og handel. Det blir mellom anna utført kopra og titanjernstein herfrå. Det finst også ein bomulls- og silkeindustri.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside for Thiruvananthapuram distrikt (engelsk) Public Relations Department Page on Trivandrum (engelsk) Government of Kerala Website on Thiruvananthapuram District (engelsk)

Kjelder

Trivandrum (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. februar 2014.

Denne artikkelen bygger på «Thiruvananthapuram» frå , og «Thiruvananthapuram» frå den 12. februar 2014.

Kategori:Kerala Kategori:Byar i Kerala Kategori:Indiske delstatshovudstader