mini|Gisela May fotografert i juni 2008. Gisela May (fødd 31. mai 1924, død 2. desember 2016) i var ein tysk skodespelar og kabaretsongar fødd i Wetzlar. Ho vart utdanna som skodespalar frå 1942 til 1944 hjå Leipziger Schauspielschule i Leipzig, og er namngjeten i og utanfor Tyskland for tolkingane sine av roller i Bertolt Brechts skodespel, mellom anna for hovudrolla i Mor Courage og borna hennar, og for tolkingane av songane frå skodespela.
Gisela May har vore engasjert som skodespelar ved scener i Danzig, Dresden, Görlitz, Leipzig, Halle og Schwerin. Frå 1951 har ho arbeidd i Berlin, der ho fyrst var hjå Deutsches Theater Berlin, og frå 1962 og meir enn tretti år framover hjå Berliner Ensemble. Som songar har ho gjesta USA, Australia og fleire land i Europa med visesong, politiske songar og dikt av både Bertolt Brecht, Jacques Brel, Erich Kästner, Hanns Eisler og fleire. Komponisten og pianisten Manfred Schmitz var i mange år hennar kunstnariske partnar.
Kategori:Tyske skodespelarar Kategori:Tyske songarar