Ghouta (arabisk غوطة دمشق, Ghūṭat Dimashq) er ei samling gardar i Rif Dimashq like aust for Damaskus i Syria. Det grøne beltet har vore eit populært fritidsområde for innbyggjarane i byen, særleg om våren. Området har vore busett sidan antikken og ei ukontrollert utvikling har gått føre seg gjennom dei føregåande tiåra. Det aukande behovet for mat under den raske folkeveksten i hovudstaden, urbanisering og industriutvikling, har auka trykket mot dette jordbrukslandet.
Damaskus Ghouta er eit grønt jordbruksbelte som ligg sør og aust for byen Damaskus. Området skil byen frå dei grøne beitemarkene på grensa til Den syriske ørkenen. Det har gjeve innbyggjarane forskjellige typar korn, grønsaker og frukt i tusenvis av år. På 1980-talet byrja veksten til Damaskus å erstatta jordbrukslandet i området med bustader og industri, og den grøne sona minka.
Avlingar I Ghouta dyrker ein plommer, poppel- og valnøttre og bomull i tillegg til mais, alfalfa, bygg og kveite.
Ressursar og farar Dette området har mange forskjellige miljøproblem, inkludert vassmangel og særs lite årleg nedbør. Det er så lite vatn i området at grunnvassnivået har auka dramatisk i store delar av Ghouta. Det er i tillegg stadig aukande forureining frå trafikken i Damaskus, industri, avfall og kloakk.
Før luftåtak frå den syriske hæren til Bashar al-Assad under den syriske borgarkrigen budde det rundt to millionar menneske i Ghouta. Krigen har redusert folketalet til rundt 400 000 og ført til svolt og underernæring blant innbyggjarane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ghouta» frå , den 28. mars 2014 og 22. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Al-Ghūṭah, Rīf Dimashq i Syria The Damaskus Ghouta Pilot Area
Kategori:Jordbruk i Syria Kategori:Oasar i Syria Kategori:Geografi i Damaskus