Dei syriske kystfjella (arabisk سلسلة الجبال الساحلية, Silsilat al-Jibāl as-Sāḥilīyah) er ei fjellkjede nordvest i Syria som går nord-sør, parallelt til kystsletta.Federal Research Division, Library of Congress (2005) «Country Profile: Syria» side 5 Fjella har ei gjennomsnittleg breidde på 32 km og høgda er like over 1200 meter. Den høgaste toppen er Nabi Yunis på 1562 meter over havet, aust for Lattakia. I nord fell høgda ned til 900 meter over havet, og i sør til 600 meter over havet.

I antikken var fjella kjend som BargylusHackett, Horatio B. (editor) (1870) Dr. William Smith's Dictionary of the Bible: comprising its antiquities, biography, geography, and natural history (Volume IV, Regum-Melech to Zuzims) Hurd and Houghton, New York, s. 3142, og under assasinane vart dei kalla Jabal Bahra (arabisk جبل بحراء). Dei vert stundom òg kalla Nusayriyahfjella (arabisk جبال النصيرية, Jibāl an-Nuṣayriyah) eller Alawiyinfjella (arabisk جبال العلويين, Jibāl al-‘Alawīyin) og begge desse namna syner til den etno-religiøse gruppa alawi som tradisjonelt har levd her.

Vestsida av fjella tar imot dei fuktige vindane frå Middelhavet og er derfor meir frodig og tettare folkesett enn austsida. Orontes flyt nordover langs sida av fjellkjeda på austsida i Ghabdalen, ein 64 km lang dal,Encyclopædia Britannica - Syria og så rundt nordkanten av fjellkjeda til Middelhavet. Sør for Masyaf er det ei stor forkasting som går nordaust til sørvest, mellom An-Nusayriyah-fjellet frå Libanonfjella ved kysten og Anti-Libanonfjella i Libanon, kalla Homskløfta.

Mellom 1920 og 1936 danna fjella ein del av austgrensa mellom Alawitstaten i Det franske mandatet for Syria og Libanon.

Sjå òg Jebel Turkman

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dei syriske kystfjella» frå , den 30. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjellkjeder i Syria