Tolmatsjova-systrene er ein duo sett saman av tvillingsystrene Anastasija og Marija Tolmatsjova frå Kursk i Russland. Systrene vart fødd 14. januar 1997.
Eurovision Under deltakingane i Eurovision har dei brukt det engelske namnet Tolmachevy Sisters.
Junior Eurovision Song Contest 2006 Tolmatsjova-systrene vart vald til å representere Russland i Junior Eurovision Song Contest 2006 i Bucureşti i Romania. Dei deltok med songen «Vesennij dzjaz», som dei framførte på russisk. Bidraget vann med 154 poeng; tolv frå Kviterussland, Belgia, Kroatia, Romania, Serbia, Sverige og Ukraina, ti frå Kypros, Hellas, Portugal, Spania og Nederland og fire frå Makedonia og Malta. I tillegg fekk kvart land tolv bonuspoeng slik at ingen skulle stå att med null poeng.
Eurovision Song Contest 2009 I 2009 var systrene var ein del av opningsnummeret i den fyrste semifinalen då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva i heimlandet Russland.
Eurovision Song Contest 2014 Tolmatsjova-systrene vart valde internt til å representere Russland i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Dei vil delta med songen «Shine», som vil verte framført på engelsk. Songen er skriven av Philipp Kirkorov, Dimítris Kontópoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Tolmachevy Sisters» frå , den 30. mars 2014.
Kategori:Russiske duoar Kategori:Russiske musikkgrupper Kategori:Syskenduoar Kategori:Tvillingar Kategori:Junior Eurovision Song Contest 2006-deltakarar Kategori:Russiske Junior Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Junior Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest 2014-deltakarar Kategori:Russiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2009