Darat Izza (arabisk دارة عزة, òg skrive Darat Aza eller Darit Izza) er ein by nord i Syria i Aleppo guvernement, 30 km nordvest for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein Deir Samaan i nord, Anadan i aust og Turmanin i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Darat Izza eit folketal på 13 525 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement.

Frå Darat Izza går ein godt bevart del av ein gammal romersk veg frå 100-talet fvt.Beattie, 2001, s. 245. Under Det osmanske riket var Darat Izza kjend for bomullsstoffet som vart produsert her.Faroqhi, 1997, s. 501.

Under den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad, vart 25 regjeringsvenlege personar drepne i byen av Den frie syriske armeen (FSA). Regjeringa hevda dei var vanlege sivile, medan FSA og den opposisjonsvenlege Syrisk observatorium for menneskerettar hevda dei var regjeringsvenlege militssoldatar.Syria rebels accused of massacring 25 people in village. BBC News. 2012-06-22.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Darat Izza» frå , den 7. april 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Jabal Simeon-distriktet Kategori:Byar i Syria